Omsorgsteknologi

Eg nøyer meg med dette sitatet i dag: “I 2025 vil 900.000 nordmenn være 67 år eller mer – en kvart million vil være fylt 80 år. Tross klare tall har ikke omsorgssektoren endret sin måte å arbeide på siden utbyggingen av velferdsstaten startet på 50-tallet”.

Les heile artikkelen her i samband med at Dataforeningen kallar inn til møte om omsorgsteknologi i Tromsø 18. april.

Fornuften sigra i bomsaka

Minister Kleppa og eg var tidleg oppe i dag. Klokka 5 meldte ho dette på NRK P1: http://nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.7950766. Ho brukte rett nok litt tid på å komme fram til det vi lokale har sagt heile tida: http://johanhj.wordpress.com/2010/10/06/hurra-for-brua-nei-til-ekstraskatt-pa-tresfjord/. No blir ulempene små, sjølv om dei er der for ein del type nyttetrafikk gjennom Tresfjord. Til Tresfjordingane: Ein skal ikkje finne seg i alt – gratulerer med dagen!

Telenor og kundesørvis

Eg skal hjelpe ein å flytte eit fasttelefonabonnement frå ei bedrift til ei anna. Eg slår opp i Gule Sider-katalogen i bilen, men finn ingen referanse til flytting. Ringer derfor 1881 og blir beden å ringe 05000. Eg ringer nummeret.

Er det privat, trykk 1, gjelder det bedrift, trykk 2. Eg trykkjer 2. Gjelder det mobil, fastabonnement, internett osv., trykk… Eg trykkjer det eg blir beden om. For at du skal få rask betjening, tast inn telefonnummeret henvendelsen gjelder. Eg tastar nummeret. Du blir nå satt over til en kundebehandler…. Du står nå i køen, en kundebehandler er ledig om 5 minutter. Ønsker du heller at en kundebehandler ringer deg tilbake innen 30 minutter, trykk #. Eg trykkjer #. Tast nummeret du vil bli ringt opp på, avslutt med *. Eg trykkjer nummer og *. Er nummeret rett, trykk 1, er nummeret feil, trykk 2. Eg trykkjer 1. Trykk *. Eg trykkjer *.

Ein halv time går. Automatstemme: Dette er Telenor Kundeservice, kan du snakke nå, trykk 1, vil du en kundebehandler skal ringe deg senere trykk 2. Eg trykkjer 1. Du får snakke med en kundebehandler, et øyeblikk. – Hallo, jeg heter Ellen, hva kan jeg hjelpe med. Eg vil flytte eit telefonnummer til ny abonnent. Hva er nummeret? Det har eg tasta inn. Er nummeret 7xxxxxxx. Ja. Men dette er privat, da må jeg sette deg over til bedriftsavdelingen. Men eg trykte inn at det var bedrift? Du står nå i køen til Telenor Kundeservice…. Eg legg på og gir opp.

Ein dag går, eg går inn på nettet på Telenor.no. Eg finn Kontaktskjema Telenor Bedrift, fyller inn noverande og ny eigar og dei data eg har på bedriftene. Må ringe til gammal og ny eigar for å få fødselsdat til to kontaktpersonar. Eg legg inn desse. Eg må legge inn mobilnummer til begge to. Men noverande eigar har ikkje mobiltelefon. Eg skriv derfor inn mitt eige. Etter fire feilmeldingar, går meldinga gjennom, og eg får kvittering. Eit par timar etterpå får eg følgjande melding:
“Dette er et automatisk svar på endring av juridisk eier. Deres referansenummer er:……….. Dersom vi har behov for ytterligere opplysninger i sakens anledning, vil en av våre kundekonsulenter kontakte dem. Eventuelle svar til denne e-post adressen kan ikke behandles…”

Forhåpentleg er alt no i orden, men kvifor så vanskeleg og fullt av feil? Følg med!

KOSTRA – eit univers for synsing

KOSTRA-tal er nøkkeltal kommunane (samt fylkeskommunane og staten) rapporterar inn for dei fleste sider av verksemda si (http://www.ssb.no/kostra/). Eg har brukt mange timar å studere KOSTRA-tal for Vestnes, samanlikna med andre, med gjennomsnittstala for samme kategori kommune, men eg mest sett på utviklinga for kommunen vår over tid.

Journalistane kastar seg også over tala med jamne mellomrom, sist no Dagbladet og NRK. Dei fortel m.a. at Hol kommune er beste kommunen for ungdom, mens Vegårshei er den dårlegaste. På meg verkar rangeringane både suspekte og tendensiøse. Med ei overforenkla og farga tolking blir tala plassert langs ein BRA-DÅRLEG-akse. Ved å sammenstille nokre nøkkeltal kårar dei dei beste og dårlegaste kommunane. Eksempel: Få barnevernstilsette gir lav skår. Få barnevernsbarn gir høg skår. Eit dårleg utbygd barnevern kan gi høge “mørketal” i barnevernet, men det er ikkje råd å lese av KOSTRA-tala åleine. Konklusjonen er at dette er for samansett til å utrope vinnarar og tapararar blant kommunane.

Skulerangeringa er eit anna eksempel. Her vil resultata frå nasjonale prøver, trivsel- og miljøundersøkingar kunne presenterast som BRA og DÅRLEGE – sjølv om dette også er svært samansett. Men når journalistane legg til grunn at det er einsidig BRA å bruke mykje pengar på skule, dess meir desse betre, protesterar heile meg. I mine auge er det tvert om ein kvalitet å drive skulen effektivt, på linje med alle andre område i samfunnet.

Skal presentasjonen av KOSTRA-tal gi meining, må vi (a) få forklart bakgrunnen for tala og korleis dei kjem fram, og (b) sjølv få vurdere tala direkte, gjerne som statistikk der kommunar i samme kategori blir samanstillt. BRA- og DÅRLEG-stempel på tala, når det er tvil om kva veg skalaen går, er kun eigna til å villeie.

I Vestnes har vi fire offentlege grunnskular, øykommunen Haram har 11, og fem gongar større Rauma har sju. At vi då driv grunnskulen rimelegare enn naboane, gjer ikkje skulen vår dårlegare. At avisa Romsdal og Romsdals Budstikke tidlegare har resonnert på samme måte som Dagbladet og NRK no, gjer ikkje rangeringa meir rett.

Lovfesting av utviklingsstopp i omsorgsyrka?

Ville du som bedriftsleiar lovfesta kor mange kundar kvar tilsett kan yte tenester til? Vil du som tilsett halde fram tungt manuelt arbeid og ikkje ta del i den teknologiske utviklinga og lønsutviklinga? Nei, sjølvsagt ikkje. Slik lovfesting er obstruksjon mot positiv utvikling. Eit godt eksempel der ei nyvinning erstattar mykje arbeid er trådlause nettverk. Mens det før alltid var mykje arbeid å trekkje kablar i eit kontorbygg, kan no i mange høve ein trådlaus ruter erstatte dette til 1/100 av prisen og tidsbruken.

Skal offentleg sektor henge med i tenestekvalitet, i kampen om arbeidskrafta og økonomisk effektiv drift, kan vi ikkje lovfeste løysingar frå i går. Arbeidstakarorganisasjonar som no krev lovvedtak om minimumstal for tilsette innanfor omsorgssektoren gjer medlemmane sine ei bjørneteneste. Offentlege budsjett vil vere stramme også i framtida, inga regjering vil ha ukontrollert vekst og slik truge berekrafta i velferdssamfunnet. Derfor må offentleg sektor utvikle seg i takt med den private. Innovasjon og effektivisering er med å halde opp velferden for brukarar og tilsette. Ingen som har tenkt over dette kan oppriktig meine at ein skal fryse utviklinga på 2011-nivå for ei stor yrkesgruppe og deira kundar?

Utvikling av omsorgs- eller velferdsteknologi gir nye løysingar til beste for brukarar og tilsette. Kommunane må her i sterkare grad komme på banen både politisk og administrativt. I staden for ørkeslause debattar om budsjettsprekk med kutt i plassar og stillingar, må dei gode løysingane diskuterast og takast i bruk. Det er også god næringspolitikk når bedrifter må kjempe om å levere det kommunane treng. Noreg bør kunne bli ein leiande nasjon på området.

Så må vi stå opp mot alle krefter som vil fjerne lokal sjølvråderett og innføre sentral millimeterstyring slik nemnde lovfesting gir. Kva incitament sit lokalpolitikarane igjen med for å utvikle kommunen sin når alt er låst frå Stortinget?

Her er eit par lenkjer til temaet velferdsteknologi og til den viktige utgreiinga til Hagen-utvalet som vart lagt fram i sommar:

http://www.sintef.no/velferdsteknologi

http://www.innomed.no/media/uploads/samhandling_velferdsteknologi_og_innovasjon/Kaare_Hagen.pdf

http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/dok/nouer/2011/nou-2011-11.html?id=646812

Dei og oss

Eg har alltid latt undringa få leve i meg og få meg til å utforske det ukjente. Ei slik undring rettar seg mot kva som er i verdsrommet utanfor oss. Eg vart fødd omtrent då romfarten starta, og for oss smårollingane var Sputnik og litt seinare dei første bemanna romferdene utruleg spanande saker. “Han for som ein Sputnik”, sa vi, når noko eller nokon gjekk fort. Månelandinga i 1969 var berre fantastisk for ein 13-åring. I 1975 vart romkapplaupen mellom USA og Sovjetunionen avslutta og eit tett samarbeid starta, då dei kopla romskipa sine saman i bane rundt jorda. Då starta også slutten på den “kalde krigen”. Samme året vart eg medlem i Norsk Astronautisk Forening (http://www.romfart.no/) og har fått bladet Romfart sidan. Eg har også ein periode i livet brukt tid på å finne ut av UFO-fenomenet, med m.a. fleire ekspedisjonar til Hessdalen (http://www.hessdalen.org/) for å undersøke lysa som var sett der.

I 1982 var eg på klassetur til Paris med elektroklassen frå NTH med prof. Gunnar Stette som reiseleiar. Vi besøkte den europeiske romfartsorganisasjonen ESA (http://www.esa.int), Aerospatiale, som lagar bereraketten Ariane, og Matra, som lagar bilar og kommunikasjonssatellittar. På ESA fekk eg dette fotografiet av jorda. Eg ramma det inn og hengte det på veggen på hybelen min.

Rett før dette, 12. april 1981, på 20-årsdagen for Yuri Gagarin si ferd i rommet, skaut NASA opp si første romferje. Den aller siste romferja landa 8. juli i år. I fjor gjekk yngstemann på romfartslinja på Andøya vgs., og eg fekk endeleg sjå rakettskytefeltet der oppe. Med oppattvekt romfartsinteresse gjekk turen i påska i år til NASA i Florida for å sjå siste oppskytinga av romferja Endeavour. Slik gjekk det ikkje, men vi fekk over to dagar sjå heile romfartshistoria på Cape Canaveral og Kennedy Space Center. Denne romfartsinteressa har gitt meg glimt av kva som rører seg der ute, men har ikkje gjort meg mindre undrande.

For når tankane søkjer ut i verdsrommet, er det ikkje til å unngå at ein også reflekterer over jorda og livet her. Med noko andre briller enn til vanleg. Frå rommet er landegrensene usynlege. At folk er ulike synest mindre viktig enn det som sameinar oss, der vi susar av gårde på ei lita ert gjennom kosmos. “Dei og oss” finst ikkje, berre “oss”. Eller som Gagarin sa det etter sin 108 minutt lange tur rundt jorda for 50 år sidan:
When I orbited the Earth in a spaceship, I saw for the first time how beautiful our planet is. Mankind, let us preserve and increase this beauty, and not destroy it.

“Musikkbransjen er død – leve musikkbransjen”

Artikkel i DND-nytt 29.10.1999

Dette var tittelen på eit nasjonalt seminar eg tok initiativ til då eg var fagkonsulent for Den Norske Dataforening, Nordvestlandet. I 1999. Illegal musikkdistribusjon av mp3-filer var då blitt vanleg og kunne truge CD-salet. System for streaming var under utvikling i Noreg, Tyskland og andre stader. Mange IKT-fagfolk med meg såg at distribusjon av musikk på nett ville komme, det var berre eit tidsspørsmål. Vi ville derfor gi musikkbransjen ei handsrekning. Vi samla dei fremste foredragshaldarane vi kunne finne, toppa av Dr. Karl-Heinz Brandenburg frå Fraunhofer Institute i Tyskland, ofte kalla “mp3 sin far”, vi fekk avisoppslag, og inviterte ein samla norsk musikkbransje per e-post. Fire deltakarar meldte seg på, og vi måtte avlyse.

Dette skuldast kanskje dårleg marknadsføring av seminaret, men også ein sovande musikkbransje, som no tolv år etter skrik over katastrofal nedgang i CD-salet. I-tunes, Spotify og Wimp tener dei og artistane for lite pengar på. Mange musikarar må ta tak sjølv for å nå ut med musikken sin. Dei siste eg las om var Brass Brothers, som no vurderar digital nettdistribusjon av si siste innspeling. “Måten musikk distribuerast på er i endring”, skriv journalisten i Sunnmørsposten. Det visste vi i 1999.

Dette er eit klassisk paradigmeskifte i teknologi. Den som søv når det skjer, står i fare for aldri å vakne igjen.

Nynorsk

Nynorsken er på vikande front. Han tapte klart for bokmålet i ei avrøysting på Torvikbukt skule nyleg, midt i nynorskland, sjå artikkel i Romsdals Budstikke: http://www.rbnett.no/lokal/gjemnes/article356384.ece. Nynorsk er forboden målform i laussalsavisene frå Oslo, og plagar oss heller ikkje mykje i andre riksaviser. Det er populært å hate nynorsk i grunnskulen og i vidaregåande skule. Lærarar på nynorskskular skriv bokmål privat. Ungdom, eldre, byfolk og trønderar elskar å hate nynorsk. Høgre vil gjere sidemålet (=nynorsk) frivillig.

Ja, hadde vi tatt ei folkeavrøysting om dette seigliva skriftspråket, trur eg 80 % ville røysta for å gravleggje nynorsken for godt. Men eg synest ikkje det er greitt, ikkje alt eignar seg for folkeavrøysting.

Det handlar om identiteten til menneske i store delar av landet. Menneske i mindretal, men som og har behov for å høyre til. Vi seier “ikkje” og “mykje” og gjer det no med legitimitet. Sjølv når vi flyttar til Oslo. Nokre vel å la seg integrere ved å knote “ikke” og “mye”. Med ein slik låneidentitet underkastar dei seg majoriteten, slik utlendingar må gjere. Mange vinn respekt og lever lykkelege med knotinga si. Om nynorsken forsvinn finst ingen opsjon, det blir “kun en riktig målform”, alt anna er dialekter og avvik. Så flott, vil mange seie, kan vi normalisere bort alle dei uforståelege talemåla rundt i avkrokane, må vel det vere bra?

Er det det? Eg vel å svare med spørsmål.

Kvifor ha norsk i det heile? Vi lærer oss lett å lese og skrive engelsk, vi sparar å lage norske bøker og vi blir endå lettare integrert i den vestlege verda, ikkje sant? At vi blir ein knotande, kulturell C-nasjon i hundre år, er vel ikkje så nøye?

I Torvikbukt og andre stadar kan vi starte med å etterlikne Oslo-folka så godt vi kan. Når vi likevel er i farta, kan vi herme etter engelskmenn og amerikanarar og bli som dei…

“Ja, noen ganger er det allright” – akkurat no er det Rock on the Dock på Helland med tributeband til BoB Dylan og Lynyrd Skynyrd! Men ikkje alltid, og ikkje for all tid framover.

Retrettstillingar i det offentlege er ein uskikk

Noreg har ein stor offentleg sektor, finansiert av skatte- og oljepengar. At alle offentlege verksemder, frå små museum til store direktorat ser ut til å måtte tilsette ein overtals NRK-medarbeidar som informasjonsdirektør for å kunne uttale seg, skal eg la gå i dette innlegget.

For verre er det at tilårskomne toppsjefar, blant desse informasjonsdirektørar, får oppretta spesialstillingar, der dei blir fråtatt ansvaret, men held fram å heve same løna. Det er misbruk av offentlege budsjett og mine og dine pengar. Alt for sjeldan blir dette kritisert.

Direktørar og andre over 60 har mykje å fare med som dei kan dele med sin gamle arbeidsgivar, og andre, ikkje minst. Det kan dei gjere med å tilby konsulenttenester mot betaling. Timeprisen må gjerne vere høg, for på ein dag, ei veke eller to, kan dei levere kunnskap det tar år å opparbeide på anna vis. Begge partar er tent med dette. Men når dette ein sjeldan gong skjer er kritikken ofte ramsalt og sterkt urettferdig. Kjøp av konsulenttenester til det offentlege har årvisse skandaleoppslag i den kulørte pressen.

Mitt råd til offentlege verksemder er krystallklart: Lag ikkje retrettstillingar, kjøp heller tenester frå gamlesjefen om du har bruk for dei. Og det har du gjerne. Ei stund.

Høgre i medvind – også i Vestnes:-)

Mitt parti, Høgre, hadde sitt beste val i Vestnes i 1999, med 24,4 % av stemmene. Det ga 8 av 33 representantar i kommunestyret. Eg var ein av dei. I 2003 vart kommunestyret redusert til 27. Ved valet då fekk vi vel 13 % av stemmene og halvert gruppa vår til 4. Vi gjentok valresultatet i 2007. Trass i beskjeden representasjon har vi likevel sett dagsorden og fått utretta mykje desse åtte åra.
I desse siste junidagane ligg Vestnes Høgre an til å nå målet om minst 20 % valoppslutning i september. I Polls of polls, http://www.pollofpolls.no/?cmd=Kommunestyre&kommune=1535, har vi ein prognose på 20,6 % og ville fått inn 6 personar i kommunestyret. Arbeiderpartiet er jamstort med oss, Framstegspartiet noko større.
Vi går ein interessant valkamp i møte. Kvifor du som bur i Vestnes skal gi stemma di til Høgre, vil du kunne lese meir om her litt seinare.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.