Kunnskapsdeling vs. lærartettleik

   Læraren har eg alltid hatt stor respekt for. På bygdene, der det var langt mellom bokhyllene, var læraren synonym med kunnskap. Ja, han eller ho var sjølve kjelda til kunnskap. Kommunane var inndelt i skulekrinsar, etter kvart med ein lærar kvar. Folkeopplysing og kunnskapsdeling skal ha stor ære for at Noreg utvikla seg frå eit U-land i dansketida, til å bli sjølvstendig i 1905 etter unionen med Sverige, og til å vere ein leiande nasjon i dag på dei fleste område.
    I 2010 er kunnskapskjeldene mange. Det er mange måtar å dele kunnskap på. Blir han presentert på ein god og spennande måte, søkjer folk seg til kunnskapen. Ja, ungane sat klistra framfor “Kroppen” med Trond Viggo, og vaksne betaler dyrt for å høyre Al Gore snakke om miljøet. Kunnskapen blir digitalisert i rasande fart og blir med like stor fart tilgjengeleg på nett. Grunnskulane har fibertilkopling. Det ligg eventyrleg godt til rette for kunnskapsdeling.
   Læraren i dag har fantastiske verkty. I språkfag er dei ein revolusjon. Samfunnsfag kan formidlast mens ting skjer. Utfordringane er òg mange. Læraren si rolle som pedagog, i ordet si opphavlege tyding, å leie eleven til skulen/kunnskapen, er endå viktigare. Mykje av ressursane som teknologien frigir må nyttast til rettleing og individuell oppfølging av elevane. Det må etablerast miljø og arenaer for digital læring. Digitale læremiddel må bli endå betre. Men no snakkar eg nesten som dei som arbeider med dette, og heilt sikkert gjer ein god jobb her til lands og internasjonalt. 
  Korleis møter SV med utdanningsministeren, støtta av Utdanningsforbundet, den nye tida for kunnskapsdeling. Ei tid der ei kjelde kan delast på nettet med ein milliard menneske. Jau, med framlegg om lovfesta tal for lærartettleik! Som om Opplæringslova med forskrift og arbeidstidsavtalen ikkje allereie er til nok hinder for innovative løysingar i skulen? Innovative løysingar for kunnskapsdeling og betre ressursbruk! Dei vil altså i lovs form ha eit maksimumtal for kor mange elevar det skal vere for kvar lærar. I grunnskulen er dette talet i dag 11-12, ref. Kostra. Rigorøs ressursutrekning frå førre årtusenet bestemmer talet. No vil dei låse for all påverknad frå skuleeigar. 
   Skuleeigar på si side må fylle krava om tilpassa opplæring. Men disiplinproblema i skulen må møtast med andre verkemiddel enn overbruk av høgt utdanna pedagogar.
   Eg meiner framlegget om lovfesta lærartettleik er ein obstruksjon på skuleeigarar som ønskjer innovasjon i skulen. Det gagnar verken eleven eller læraren dersom kunnskapsdeling og kunnskapsløft er eit felles mål. Og det er det vel?
   No loggar eg av ein fredagskveld.

Ei tilbakemelding

  1. Lærertetthet er en målbart og forståelig for utdanningsbyråkratiet. Digitale verktøy og kunnskapsdeling på nett er noe ikke målbart og uforståelig for de nevnte ledelsen. Når politiske tiltak skal forslås foretrekkes selvsagt målbare og forståelige tiltak framfor tiltak som forslagsstillerne ikke forstår selv.

Kommentarfeltet er stengt.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.