Lokalstyre med bundne hender

Store framskritt skjer, der tungt, einsformig eller timekrevjande arbeid blir erstatta av smartare arbeidsmetodar og bruk av ny teknologi. Digitalisering er eit gammalt omgrep som no går som ein farsott også i offentleg tenesteproduksjon. Det er musikk for ein som har utdanna seg og delvis velt yrke yrke langs denne vegen. Bort med skjema, skrankar, venterom og ventetid; inn med automatisering av repeterande oppgåver, bruk av multimedier for informasjonhandtering, sensorar for å overvake system og prosessar osv. osv. Private og offentlege initiativ frå gode fagmiljø blir rulla ut i kommunane. Det går ulike program vi ser kan ha stor verknad for den tilsette og for brukaren, det vere barnet, eleven, pasienten eller den gamle på sjukeheimen. Alt vel så langt.

Kva gjer så sentrale styremakter? Jau, dei vedtek ny bemanningsnorm i barnehagane med tilhøyrande arealkrav. I budsjettforhandlingane no vil dei vedta ei ny norm for lærartettleik. Dette i tillegg til alt som er låst frå før. Pressgrupper og parti som får dette gjennom bør gå i seg sjølv.

For: Kvifor skal vi finne smarte løysingar lokalt, når auka ressursbruk blir vedtatt over hovudet på oss?

Advertisements

Sveken

Når grunnmuren sviktar,
huset knakar og sprekk
Då legg ein gamal diktar
fyllepennen og blokka vekk.

Han søkjer sin gøymestad
der alt var moderleg trygt
Her var han alltid glad,
i berghola naturen har bygt.

Sveken av dårleg handverk
gret han ein stille tåre
Diktaren som var så sterk
er gjort taus resten av året.

Ukjent

Hjernen er ikkje aleine

Gamalt innlegg, henta fram frå WordPress ein stad:

Vi kjenner DeLillos-låten «Hjernen er alene». Han kom i 1989 på albumet med same namn, før Internettet vart allemannseie. Eg er ikkje sikker på at  Lars Lillo Stenberg ville fått inspirasjon til denne underfundige tittelen i dag.
For å gjere innleiinga kort, eg trur vi tenkjer og assosierer annleis i dag enn for tjue år sidan. Men la meg snakke for meg sjølv, slik eg opplever  mitt kognitive liv er endra frå prenettalderen. Eg er ingen hjerneforskar eller psykolog, så eksempla blir banale.
Telefonnummer
Før kunne eg svært mange telefonnummer «utenat» (hjelp: kva er det på nynorsk? *). No kan eg få, og slik har det vore lenge. Kvifor det? Eg treng ikkje kunne dei. Mine hovudkjelder til telefonnummer er no: (1) tlf.no, (2) adresseboka på PCen synkronisert med (3) adresseboka på mobilen. Har eg ikkje PCen framfor meg, sender eg ei melding til 1985, men truleg i snitt berre ein gong i månaden. Telefonkatalogen i papirutgåve sa eg opp for mange år sidan.
Musikk
Vi er ein gjeng som er opptatt av rockemusikk, og samlast til  «popquiz» annakvar månad. Eg er ikkje av dei flinkaste, men prøvar å henge med. Kvar får ein kunnskap om musikk; kjenne att låtår, namna på dei, bandmedlemmer, årstal osb. Før var det gjennom å spele plater, studere omslag, og ikkje minst på radioen. Vi lånte LPar av kvarandre og tok opp på kasett for å gjere samlinga av favorittane mest muleg komplett. Det er framlei stas med dei gamle vinylplatene, berre så det er sagt. Men lurer eg t.d. kven som er vokalist på «Soldier of Fortune» går eg ikkje lenger og leitar i samlinga, men på allmusic.com. Slik har det vore i mange år. Søkefunksjonane gjer dette mykje enklare.
Film
Dette er nok like mykje ein uvane, men når det går film på fjernsynet, slår eg opp på allmovie.com og les om filmen, skodespelarane, kva andre filmar dei er med i, og kven som har laga musikken. Det fører ofte til at eg ikkje får med meg filmen.

*) Her tar eg meg sjøv instinktivt i å slå opp i UiO/Dokumentasjonsprojektet sine fantastiske ordlister på nettet, slik eg har gjort dei ti siste åra.

Papirlause politikarar

Fleire år gamalt upublisert innlegg:

Eg les i Sunnmørsposten i dag at Ørskog kommune satar på iPad og papirlause møte. Fleire andre kommunar og fylkeskommunen rører på seg. Det er bra! Lesebrett er den naturlege reiskapen å velje no. Då pionerkommunenVestnes gjorde sitt første vedtak om dette i januar 2006, var vi ikkje der; berbare datamaskiner vart kjøpt til kvar politikar, og det har fungert svært godt sidan januar 2008. Lesebrett bør inngå i Vestnes sin andregenerasjonsløysing.
IKT er mitt fagfelt, og då eg kom inn i politikken, var det naturleg at eg kom med framlegg om å bruke løysingar som låg i dagen. Det er kjekt å rekapitulere litt. Først framlegg frå driftsstyret i kommunestyret 24.1.2006:

«Johan Hjelvik (H) sette fram følgjande framlegg til vedtak:
Framlegg I framsett i møtet.
1. Driftsstyret bed adm.sjefen legge fram framlegg til prøveprosjekt for papirlause møte i Vestnes med oppstart i 2006.
2. Ein skal til kommunestyret i mars kartlegge behovet for maskiner,breibandstilknytning og opplæring og skissere eit tilbod til politikarane.
3. Driftsstyret ønskjer at Vestnes kommune skal ligge langt framme i bruken av elektroniske verkty.
Avrøysting:
Samrøystes vedteke, som Framlegg I framsett i møtet.»

17. maitale på Nerås 2002

17. mai-tale Nerås 2002
Johan Hjelvik
Om samferdsel og kommunikasjon.

Gratulerer med dagen, kjære venner og naboar! Eg skreiv først sambygdingar, men fann ut ordet naboar passar betre slik vi bur i forhold til kvarandre i dag.

Sidan eg flytta heimafra i 1973 for å dra til Jørstadmoen, har eg budd sju stadar i landet vårt i perioder på meir enn eitt år. Med unntak av kortare opphold i Sverige, har eg halde meg i Norge. For snart 20 år stifta eg famile så dei har vore med på flyttelasset nokre gongar. Eg flytta tilbake til Vestnes hausten 1987. Spør du meg kva som er heime, føler eg framleis at Lervågen er heimplassen min.

Kva skal så den heimvendte eller kanskje bortkomne sonen snakke om i dag.

Eg skal ikkje snakke om nasjonalsangen vår, det kunne vore eit godt tema. Nokon vil lage ein ny fordi dei ikkje orkar å lære seg nokre uttrykk vi ikkje brukar lenger. La oss slå ring om Ja, vi elsker.

Eg skal ikkje snakke om 17. mai, Eidsvollmennene og Wergeland. Det fordi det er gjort så mykje betre av andre frå denne stolen og andre talarstolar. Men eg vil at vi takkar dei og mange andre for det flotte landet vi har fått. Den flotte nasjonaldagen, som mange misunner oss, er også eit bevis på for eit fint og godt land vi bur i.

Eg skal ikkje snakke om volden som skjer rundt oss, som vi gjennom fjernsynet får inn i stovene våre kvar dag. Sjølv i fredelege Norge, ja, i vårt fylke opplever vi ein henrettelse på åpen gate. Verst for familen det direkte rammar, men også trist for oss andre i dette fredelige landet vårt.

Eg skal ikkje snakke om krig og terror. Ikkje 2. verdenskrig, ikkje om 11. september i fjor, krigen i Afghanistan, der norske styrkar er med, ei heller om den tragiske krigen i Midtøsten som aldri tek slutt. Der ofrar to folk freden for fridom for sine nasjonar.

Kva skal du så snakke om, Johan? Eg vil snakke om kommunikasjon, før og no. Det har eg greie på, og på det eine eller andre viset rører det alle andre tema. Eg valde eit yrke innanfor kommunikasjon, først som sambandsoffiser i Forsvaret, sidan i Televerket og dei siste åra som rådgivar i eit Moldefirma.

Kommunikasjon? Eit ord fra det 14. århundre, som i dag meir enn nokon gong før berører oss alle. Ordet kommunikasjon femner over mykje:
– Samferdsel, på land, til vanns og i lufta
– Telefoni
– Kringkasting og presse. Nokon vil si at all elendigheita skuldast kringkastinga som flyttar alle morda og alle krigane inn i stova vår – kvar einaste dag.
– Internett, det nye fenomenet som er like revolusjonerande som telefonen og fjernsynet til saman, og som brer seg med stor fart.

Men kommunikasjon er kanskje først og fremst kommunikasjon mellom menneske. Bilane som flyttar på oss, koppartrådane eller radiosignala som knyter oss saman, gjer kommunikasjon muleg over avstand. Dei siste hundre åra, eller 50, eller 5 åra har kvar for seg brakt oss revolusjonar i mulegheiten vi har for å overvinne avstand. Og overvinne tida, som eg så vidt skal kome inn på.

Sjøv om kommunikasjon er eit nyare ord, berre 700 år gammalt, har kommunikasjon eksistert i uminnelige tider. Vha. språk og symbol har vi klart å formidle budskap mellom oss. Til fots, til hest og i båt klarte vi å bringe budskap over avstand. Samstundes har vi tatt med oss varer og etablert handel mellom alle folk på jorda.

Eg skal ikkje trekkje historia heilt tilbake. Men gjennom besøk på øyar som Giske og Veøya, ja, vi skal ikkje lenger enn ned på Bolungneset, så går det opp for oss betydninga sjøvegen har hatt. For oss landkrabbar er dette ei erkjenning som vi må arbeide litt med. Veøya var altså fram til svartedauden i 1349-50 eit knutepunkt i vår region. Veøya, «den heilage øya», som namnet tyder, var kanskje heilt frå 900-tallet ein viktig møteplass. Peterskyrkja, ja ho heiter det, blei bygd på slutten av 1100-tallet. – Den meir kjente kyrkja i Roma blei påstarta først i 1506. – Veøya var ein viktig handelsstad og eit senter for innkreving av skattar og avgifter. I dag ligg som kjent skattedirektoratet i Oslo. Kvifor vart ei øy midt i Romsdalsfjorden så viktig. Jau, fordi ho hadde den beste kommunikasjonen til landet omkring. Ho låg midt i vegkrysset. På nokre timar kunne ein med dåtidas farkostar nå øya. Eg vil oppmode alle som ikkje har vore på Veøya å ta ein tur dit. No i pinsa er det gudsteneste der, og det er oppset båtar fra Molde.

Den som synes det er langt kan ta seg ein tur på Tautra, rett utanfor her. Der er også arrangement 1. pinsedag med båtavgang frå Vestnes og Tomrefjord. Her er for mange ukjente graver og minnesmerke frå gammal og nyare tid.

Sjøvegen er viktig også i våre dagar, vi kjenner skyssbåten Legona, Luftputebåten og dagens bilferjer og hurtigbåt. For meg og mange andre var dagen i går stor. Det blei då vedtatt ei tredje ferje og nattferje over Moldefjorden.

Vardane på fjella rundt oss veit vi var det første televerket vårt. Vardar er ein kommunikasjon som har eksistert så lenge ein har kjent ilden. Her i Norge kjenner vi vardesystem frå det sjuande århundre. Det var først Håkon den gode som innførte eit organisert varslingssystem gjennom vardar. Dette var i bruk heilt fram mot år 1800. I 1794 vart telegrafen oppfunnen, ikkje den enkelte av oss kjenner, men ei form for signalstang, som over avstand viser teikn andre kan lese og sende vidare. Slik kunne deie sende 10-12 tegn i minuttet.

Den første telegraflinjen sto jernbanen for i 1853 mellom Oslo og Strømmen. Telegrafvesenets første linje kom i 1855 mellom Drammen og Christiania.

Det er 125 år siden Bell ringte for første gang. Den 27. mars 1876 tok Alexander Graham Bell patent på telefon. Det første telefonsystemet i Norge fikk vi mellom Oslo og Drammen i 1880.

1. april 1920 ble Skien automatisert som den første byen i Skandinavia. Norge var ferdig automatisert i november 1985. Ikke før vi var ferdig med den, begynte digitaliseringa. Den var ferdig 1. desember 1997.

I Vestnes

Så til samtidshistorie. Mobiltelefonen og Internett er i dag omtrent allemannseie. Internett gjev alle av oss tilgang til verdens største bibliotek. Her kan vi på sekund nå milliardar av sider. Kvaliteten er ikkje like jamn som på folkebiblioteket, det må seiast.

Men det mest grensespengande med Internett er slik eg ser det, at kvar bedrift og person på heile jorda kan få ei unik adresse som på brøkdelen av sekund kan bli kontakta av alle andre frå sine adresser. Uansett kvar dei er i verda. Då eg jobba i Stockholm for eit par år sidan arbeidde eg med saker i Molde omtrent som eg sat på nabokontoret til kunden i Molde. Han visste slett ikkje at eg var i Stockholm. Ikkje var det viktig for saka heller. Denne kommunikasjonen snur heilt opp ned på våre tilvente oppfatningar om avstand og tid. Vi kan snakke om ein virtuell verden, ein liksonverden, der desse barrierane er oppheva.

Nokon hadde kankje venta eg skulle seie litt meir om distrikt mot sentrum. Eg pleier å seie at på (i) jorda er det berre eit sentrum, og der er det så varmt at ingen vil bu. Alle stadar på jordoverflata er like langt frå sentrum. For Nerås, Øverås, ja eg tek med Helland og Molde i samme slengen. Vi blir kalla utkantar som får distriktilskudd og rammeoverføringar frå Oslo. Men først etter at dei har skatta oss 30-40 % og tatt 24 øre i moms av kvar krone vi brukar.

Vi kan stå oppreist og vite at dette er verdiar vi sjølv har skapt, bøndene, fiskarane, industrien og dei som gjev oss kunnskap og omsorg.

Når no Øverås får asfalt på vegane, så kan de takke personar i bygda som har stått på for det. Den betra kommuniksjonen dette gjev, gjer bygda ein betre stad å bu, de vil lettare kunne komme andre stadar, men ikkje minst gjev det folk utanfrå betre mulegheit til å besøke bygda her og busette seg her.

Eg er 45 år gamal og pga. at eg ikkje vaks opp i ein by, føler eg å ha opplevd gamle dagar. Eg har slått gras med slåmaskin og hest for Fakse-Pe. Eg har opplevd å måtte gå 8 km på ski til Nerås gjennom vintrane for å hente posten, amerikabrev og Romsdal Folkeblad. Eg opplever no den nyaste kommunikasjonen vi har. Eg veit ikkje heilt kva som var det beste livet.

Svein Bergsli fotalte i går at før på Tingvoll når han venta på ferja, tok han fram fisketroa. Har eg ein halvtime ekstra fordi ferga er full i dag startar eg kontoret i bilen med bærbar PC og mobiltelefon. Det finnst ikkje noko lenger som heiter ledig tid.

I går las eg i ei av riksavisene: «Om 30 år bur alle i byen». Bygdene blir tømt. Forverra klima på kysten og eit ønske blant ungdommen om eit urbant liv er blant årsakane. Det er forskarar Dagbladet har snakka med som seier dette. La oss bevise at dei tek feil. Eg trur eg kan vere eit sannheitsvitne på det.

Kommunikasjon flyttar omverda tett inn på oss. Eg trur det åpnar for større forståing for andre kulturar og fred på jorda. Det krev samstundes at vi er tolerante for nye inntrykk.
La det bli min appell på nasjonaldagen: La oss slå ring om nasjonen vår, verdiane våre og bygdene våre – men samtidig la oss vere åpne i sinn og tolerante overfor andre folk og verdisett.

17. maitale på Helland 2004

17. mai-tale Helland 2004

Kjære festlyd – gratulerer med dagen!

For oss som har vakse opp etter krigen og nytt godt av oljepengar og gode velferdsordningar, er det lett å bli likegyldig til det 17. mai står for. Vi har hatt demokrati, fridom og opplevd fred på norsk jord heile livet. Vi har fått rett til utdanning, arbeid, rett til ytre oss, ja, i det heile tatt – eit godt land å bu i. 17. mai er ei fin høve til å takke menn og kvinner som har bygd landet vårt etter 1814. Ikkje minst må vi takke foreldra og besteforeldra våre.

Forfattaren Tor Jonsson skriv:

Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kallar eg kjærleik –
Eg veit ikkje kva det er.

Verset gjeld på mange måtar og forholdet til nasjonen vår – for å sette full pris på landet vi bur i, må vi sjå det litt på avstand. Det siste året har eg gjennom to reiser utanlands opplevd ting som gjer at eg set endå større pris på heimlandet. Reisene har på mange måtar og vore reiser tilbake i tida.

Den første reisa eg vil nemne, er turen med 10. klasse ved Helland skule i haust til Polen, Tsjekkia og Tyskland. Besøket i fire konsentrasjonsleirar var ei reise tilbake til åra 1939-45 og det verste krigsåra sto for.

Leirane Auschwitz og Birkenau vitna om det enorme omfanget av nazistane si jødeutrydding. Sachsenhausen viste kor utspekulert vi menneske kan bli i vår grusomskap. Å høyre tidsvitnet Karsten Pettersen fortelje frå sine tre år i leiren var sterkt. Karsten blei arrestert som syttenåring fordi han spreidde illegale aviser. I Sachsenhausen delte han seng med og blei kjent med Einar Gerhardsen. Til slutt, i kvinneleiren Ravensbrück, fekk vi vite at ingen blei spart.

Med ferske inntrykk frå Polen-turen drog eg på ei ni dagar reise i Sør-Afrika. Eit land som 27. april i år feira sin 10-årsdag for demokrati og ny grunnlov. Dei kallar og dagen for sin frigjeringsdag. Altså 8. og 17. mai på ein og same dag.

Då nasjonalistpartiet vann valet i Sør-Afrika i 1948 innførte dei apartheid- eller raseskillepolitikken. Nelson Mandela sat fengsla i 27 år fordi han arbeidde mot apartheid. Han blei lauslaten i 1990, og saman med president de Klerk erstatta han apartheidstyret i 1994 med demokrati – utan bruk av militærmakt eller maktinngripen frå utlandet. Mandela og de Klerk fekk Nobels fredspris for det dei gjorde.

I Johannesburg, nær den svarte bydelen Soweto, er det reist eit Apartheid-museum som eg besøkte. Her blir med all tydelegskap vist kva overgrep og undertrykking eit mindretal av kvite gjorde mot den svarte befolkninga.

Utanfor Apartheidsenteret står seks høge søyler, med eitt ord skreve på kvar søyle:

Demokrati
Forbrødring
Mangfald
Ansvar
Respekt
Fridom.

Det er godt å sjå at under heilt andre himmelstrøk, i eit land med mange religionar og folkeslag, med elleve offisielle språk, der finn dei verdiar som og vi deler. Det gir håp i ein verden framleis prega av krig.

Som ungt demokrati er Sør-Afrika ikkje utan problem. Landet har nærare 40% arbeidsløyse, medrekna flyktningar frå land lenger nord. 5 av dei 45 millionar innbyggarane er HIV-smitta. Gjennomsnitts levealder er gått ned til 48 år. Utdanningsnivået er lavt og kriminaliteten høg. Dei står på ein del område der vi sto både etter 1814 og etter 1945.

Etter desse inntrykka har eg gjort meg nokre refleksjonar. Eg har ikkje lyst å tru det, men det kan sjå ut som at under feil leiarskap, kan vi alle delta i undertrykking, eller vere likegyldig til det – noko som er like gale. Arnulf Øverland, som og var i Sachsenhausen for ytringane sine, skreiv i 1936 det kjente diktet «Du må ikke sove». I denne reaksjonen på nazismen sin vekst i Europa, finn vi dei kjente orda:

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!

Det Øverland her seier, krev mykje av oss. Det er ikkje nok å vere tolerant, vi må og bry oss! Vi skal vere stolt av nasjonen vår, men samtidig vere på vakt mot nasjonalismen. Dei to reisene mine, fortalte meg at her kan vi ikkje trø feil.

Tilbake til Vestnes anno 2004 – den beste plassen å bu på jord! Vår største utfordring er paradoksalt nok at folketalet går ned. Det blir fødd færre ungar enn på lenge. På 17. mai, som er barna sin dag, vil eg gjerne minne om det. Barna er framtida vår!

Ordføraren har sett i gang ein dugnad for å auke busettinga i kommunen vår. Delta i dugnaden, kom med innspel! Gravlegg bygdedyret, som den same Tor Jonsson skriv om – ta godt i mot dei som flyttar hit!

Ha ein riktig fin dag alle saman! Tusen takk!

17. maitale i Tresfjord 2009

17. maitale Tresfjord 2009

Kjære bygdefolk! Gratulerer med dagen!

Først tusen takk til 17. maikomiteen som inviterte meg hit i dag. Det er ei stor ære å få kome hit og tale på sjølvaste nasjonaldagen. På ein måte føler eg meg invitert inn i bestestua til naboen…

På ein dag som denne skal me feire at me bur i eit fritt og sjølvstendig land. Det er ikkje ein stridens dag, men eg synest me godt kan reflektere over at friheit ikkje er sjølvsagt. Fleire gongar har me måtta ofra freden for friheita, ja, nokon er villig til å ofre livet for vår friheit. Dei fleste av oss opplever fred i dag, men eg må minne om at Norge er i krig i dag i Afghanistan.

Det er lett å mislike det, for me treng då ikkje involvere oss i krigar utanfor landegrensene? Når slike tankar tek meg, tenkjer eg alltid på Arnulf Øverland sine ord i diktet ”Du må ikke sove” frå 1936: ”Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv”. I tillegg til å vere eit senter for internasjonal terror, driv Taliban grov undertrykking av folk i eige land, spesielt kvinner. Norge fekk sjølv hjelp frå allierte under og etter andre verdskrigen, det skal me sette pris på.

Ein av dei første 17. maitalane eg hugsar var det Ole Øveraas som held. Det var på ungdomshuset Ljosvang på Nerås. Han var skogreisingsleiar i Vestnes kommune då, eg arbeidde for han to sommarar med granplanting, slik mange ungdommar gjorde. Ole vart seinare ordførar, og døydde dessverre alt for tidleg. Granplanting var ei attåtnæring som skaut fart etter krigen. Jakob Kjersem har skrive mange innlegg for granplantinga. Som leiar i Vestnes Næringsforum arbeider eg med ny næring og tilleggsnæring, som ein parallell i vår tid til granplantinga. Slik har eg blitt godt kjent med mange nye her i Tresfjord. Frå før kjenner eg folk frå politikken, ulike lag- og organisasjonar, næringslivet og det rike kulturlivet her. På mange måtar føler eg at eg har kome bygda litt under huda.

Tresfjord, ja. Eller Tresfjorden? Når me skriv Tresfjord, har min gamle skulemeister Alf Johan Hustad, som seinare er blitt ein god venn, lært meg at ein er på land i Tresfjordbygda. I Tresfjorden, betyr at ein er i båt ute i fjorden. Noko tilsvarande gjeld t.d. Romsdal og Romsdalen.

Eg har slekt og familie i Tresfjord, men kan nok ikkje kalle meg Tresfjording. Eg har felles tippoldeforeldre med Astrid Vik: Ole Mortenson Lindset og Ingeleiv Børgesdatter Kjersem [og oldeforeldre, Ola Mortenson Vik (Skreddar-Ola) og Berit Larsdatter Vik (f. Langstein)]. Eg har felles oldeforeldre med Martin Kjøpstad på Gossen (Knut og Ellen Småge). Foreldra mine fekk tidleg på femtitalet tilbod om å kjøpe eit småbruk på Rypdal (bnr. 6 frå tremenningen til far min, Karl Johan Rypdal), men dei takka nei og busette seg seinare i Leirvågen.

1814
I vinter kjøpte eg Skeidsvollboka, Bygdebok for Tresfjord frå 1959 på eit antikvariat. Her er mykje interessant å lese. Også om den vilja som vart vist til å ofre fred for friheit i opptakta til 1814.

Forfattaren, Agnar Skeidsvoll, f. 1900, var bladmann i Gula Tidend i Bergen, eldstemann av fem søsken. (Faren hans, Hans, sat i byggenemnda for Tressheim.)

Frå 1807 til januar 1814 var Danmark-Norge i krigen på Napoleon si side. Slik hamna me også i krig med Sverige. I Skeidsvollboka står om det Wesneske Compagnie, som var sett opp med 104 menn frå Hovde til Rekdal. I alt 49 personar som deltok frå Tresfjord er oppgitt med namn. Fleire av dei kom ikkje heim frå krigen.

Kuriositet: Berre grenaderar og skarpskyttarar hadde lov å bere munnskjegg, musketerane som var dåtida sine menige soldatar hadde altså ikkje lov å ha bart eller skjegg. (Visstnok for at soldatane hadde dårlegare sanitære tilhøve enn dei med høgare grad.)

Napoleon tapte krigen, og det vart inngått fredsavtale i Kiel 14. januar 1814. Den norske statthaldaren og prins Christian Frederik fekk beskjed om å forlate Norge, men gjorde det ikkje. I februar vart det bestemt å kalle inn til grunnlovssamling på Eidsvoll. Frå 10. april til 20. mai var representantane samla på Eidsvoll for å lage ei grunnlov og velje ein konge. 17. mai vart Grunnlova underskriven og kong Christian Frederik valt.

Det var valt fem representantar frå Romsdals Amt til riksforsamlinga. Ein som kom med som 2. varamann, var prost Jens Stub frå Veøy, opphavleg sorenskrivarson frå Nordfjordeid. Fem år seinare, 24. oktober 1819 drukna han saman med fem skysskarar på veg frå Veøy til Tresfjord, og ingen av dei er attfunne.

I oppgjeret etter krigen vart me overgitt til Sverige. Me stritta mot med grunnlova i handa, og kom eit par sommarveker i krig med Sverige, men godtok eit tilnærma sjølvstyre i fredsavtalen i Moss 14. august. Grunnlova fekk me behalde omtrent uendra, men ordet uavhengig stat vart bytta ut med sjølvstendig stat, for å passe betre til unionen.

1905
Eg var så heldig å sitje i kommunen si hundreårsnemnd for markering av unionsoppløysinga med Sverige i 1905. Det resulterte mellom anna i Fjordstreif i 2005, som må vere av dei finaste kulturarrangementa i Vestnes kommune nokosinne.

Då las eg boka ”1905 – spillet bak kulissene” av historikaren Roy Andersen. Han fortel kor nær me var å kome i krig med Sverige, då me gjorde det klart at me ønska lausriving.

I unionen med Sverige hadde me felles kongehus, men elles eigne styresmakter, med unntak av utanrikstenesta. Ja, me hadde og vårt eige forsvar. Opptakta til unionsoppløysinga var at politiske krefter frå 1895 ville at Norge skulle ha eige konsulatvesen. Dette var svenskane mot. 7. juni 1905 avsette Stortinget kong Oscar II og erklærte unionen med Sverige oppløyst.

18. august var det folkeavstemming om unionen (for menn over 25 år). 225 stemmer vart gitt i Tresfjordkyrkja og alle var for oppløysing. I heile landet var berre 184 av om lag 370.000 mot. Kvinnene hadde ikkje stemmerett før i 1913, men om lag 300.000 kvinner stemte likevel.

I samband med dei vanskelege Karlstadforhandlingane i september vart nordmenn mobilisert som grensevakter langs svenskegrensa. Det skjedde med ringing i kyrkjeklokkene og med eit raudt flagg i kyrkjetårnet. Totalt omfatta mobiliseringa omtrent 23 000 menn. På svensk side var det store militær-øvingar og store tropper samla. Marinen var og nær å bli brukt i krigshandlingar. Men striden i 1905 vart heldigvis løyst utan at det vart løyst eit skot.

Farfaren min, Peder K. Hjelvik, som ikkje må forvekslast med Peder B. Hjelvik (ordførar), var kalla inn til Kongsvinger denne sommaren saman med mange herfrå. Han var då 22 år.

Roy Andersen skriv om dette dramatiske spelet statsminister Christian Michelsen og hans utsending Fritjof Nansen m. fl. leia på norsk side. Dei var eigentleg begge republikanarar, men gjekk av taktiske grunnar inn for å gjere Norge til monarki. (Mange ville ha Nansen som president.) For å blidgjere svenskane spurte dei det svenske kongehuset om ein prins av Bernadotte-familien som ny regent. Parallelt hadde dei samtalar med danskane om prins Carl som konge. Nansen var og i England og søkte støtte for eit monarki i Norge. Om dei hadde valt å gå for republikk, ville me kanskje ha blitt ståande heilt åleine og enda opp i krig med Sverige.

Det var ny folkeavtemming i november om styresett. I Vestnes prestegjeld var 47 % for republikk, eit resultat som skilde seg ut i eit elles kongevennleg land der 4 av 5 ønskte kongedøme. 18. november 1905 valde me prins Carl til vår konge, han tok namnet Haakon VII. I ettertid ser me at me fekk eit framifrå kongehus, som har feira 17. mai med oss sidan i over hundre år.

Igjen vitnar historia om kor høgt me sett friheita, sjølv om det kan koste freden og tap av liv.

Seinare
Også under 1. verdskrig 1914–1918 vart styrkar frå fylket kommanderte ut som vaktsoldatar som skulle sjå til at ingen krenka den norske nøytraliteten.

I april 1940 var det på nytt mobilisering som me veit. Me måtte først kapitulere for overmakta i mai same året, men mange kjempa vidare, og fem år seinare var me igjen eit fritt land. Onkelen min Karl Magnar Hjelvik, eldste gut i ein søskenflokk på tolv, hadde utdanna seg til befal før krigen og var med på alliert side heile krigen. Han var og sterkt medverkande til at eg gjekk inn i Forsvaret og vart der i ni år.

Tresfjordingane har mobilisert fleire gongar under heilt fredelege omstende. Først for eigen kommune frå 1899. Så i folkeavstemming i 1958 etter innstillinga om kommunesamanslåing frå Schei-nemnda, der 391 stemte mot og 25 for samanslåing med Vestnes. Tresfjord og Vestnes vart likevel samanslått i 1964, som me veit.

At de var rause, og at samferdsle opptok dykk då som no, viser vedtaket i Sylte herad frå 1909 med løyving av 2547 kr til Raumabana. Det var mykje pengar då, for første kommunebudsjettet var på berre 6.109 kr og 2 øre. I 1930 var budsjettet i det som frå 1922 heitte Tresfjord herad kome opp i 37.500 kr, med 2.127 kr til veg og telefon, 594 kr til helsestell og 4.450 kr til skule.

No og framover
Det er viktig å kunne mobilisere felles krefter, for friheit og det me trur på. Det gjeld landet vårt, kommunen og Tresfjordbygda. Det er nok dagsaktuelle tema å engasjere seg i. Apropos det; Åse Alme seier i avisa at ho treng ikkje meir skryt av kor fint det er her. Eller som Agnar Skeidsvoll skriv: ”Framandt folk seier det er fagert i Tresfjord. Det er det.”

Nokon er no kanskje skuffa for at eg ikkje held eit flammande innlegg mot bomstasjon rundt Tresfjorden. Til det vil eg berre seie: Bruer er til for å knytte folk saman, ikkje for å skape splid. Alt anna er totalbom!

Skal eg trekke fram noko anna som uroar meg, er det nedgangen i folketalet og dei lave fødselstala me har hatt i kommunen sidan tusenårsskiftet. Medan det på 90-talet vart fødd i snitt 100 ungar kvart år, har det sidan 2000 årleg kome berre 70 nye barn til verda. Over ti år minkar elevtalet i skulen frå over 1000 til 700. Dette gjeld alle grendene våre, men aller sterkast Tresfjord. I 2003 hadde Tresfjord og Daugstad skule til saman 175 elevar. I 2013 kan talet kome under 100. Eg synes det er dramatisk – over 40 % av ungane i bygda er borte på ti år. Folketalet var på det høgste i 1890, då budde det 1408 innbyggarar i Tresfjord. No er talet om lag 150 lågare.

Vestnes Næringsforum har som formål å være pådrivar i utviklinga av eit konkurransedyktig og allsidig næringsliv i kommunen. For å få det til skal forumet vere med å gjere kommunen til eit best muleg lokalsamfunn der folk ønskjer å bli buande og flytte til.

Eg har gjennom dette arbeidet i snart to år lært å kjenne eit titals næringsdrivande og nyetablerar rundt fjorden. Frå før kjenner eg folk i lag og organisasjonar som brenn for det dei held på med. De viser ein dugnadsinnsats som få kan måle seg med. De tek vel i mot nye innbyggarar frå både fjern og nær. De har det mest moderne landbruket, satsar på hest og reiseliv. De har det rikaste kulturlivet. Den finaste kyrkja. De har dei tre fremste arrangementa i kommunen, Gapskrattfestivalen, Syltemartnan og nasjonale ridestemne. Alt dette gjer at eg har stor tru på at bygda skal kunne snu folketaltrenden.

Tresfjord Bygdelag har no søkt om midlar til eit bygdemobiliseringsprosjekt der bygda kan slå hovuda saman og samle krefter mot felles mål. Spådomar om at Tresfjord vil bli liggande i skuggen vil bli gjort til skamme. Eg veit de vil klare dette sjølv, men eg håpar likevel å kunne hjelpe til gjennom jobben min i Vestnes Næringsforum.

Igjen, til lykke med dagen og framtida! Takk for meg!