Grenser for kommunale tenester

   Mange politikarar, serleg rikspolitikarar på venstresida, men også på høgresida, ser ut til å ha gjort det til sitt livsverk å få dekt alle sine behov i alle livsfasar gjennom offentlege tenester. Dei vedtar ordningar og/eller lovfestar rettar om barnehage, SFO, tannlege, skulemat, svømmeopplæring, etablerarrådgiving, husbanklån, gjeldsrådgiving, fri rettshjelp osv. osv. Dei eldre blir omtala som ei gruppe under offentleg omsorg, omtrent som alderdom er ein sjukdom.
  Alle desse offentlege tenestene krev stadig fleire offentleg tilsette. 24.000 fleire vart det berre i 2009, medan 36.000 private arbeidsplassar forsvann. Sjå: http://www.vl.no/samfunn/article94563.zrm.
  Dette er på ingen måte ei berekraftig utvikling for landet vårt, det erkjenner dei på borgarleg side og mange langt inn i Arbeiderpartiet. Det vi òg har alt for lett å gløyme er at skattefinansierte tenester er mange gonger dyrare enn om vi kjøper tenestene direkte sjølv.
   Også på kommunenivået er det viktig at vi sett grenser for kva tenester kommunen skal levere. Det skjønar folk. Slik kan ein betre hjelpe dei som treng tenestene mest. Så kan det bli nokre kroner til overs for å skape utvikling og vekst for alle.

Målet for kommunale tenester

   Vi løyver pengar i kommunebudsjettet for å yte tenester til innbyggarane. Pengane går i all hovudsak til å løne kommunalt tilsette som skal utføre tenestene. Den politiske debatten går derfor ofte om talet på stillingar, lokalisering av driftseiningar og andre kapasitetar i tenesteapparatet. Men det er ikkje målet for løyvingane.
   Når organisasjonane blandar seg i debatten er det storleikar som bemanning, pleiefaktor, rammetimetal, lærartettleik o.l. som blir køyrd fram. Det er heller ikkje målet for løyvingane, sjølv om dei saman med dei sosialistiske partia arbeider for å lovfeste minimumstal for ressursbruken. Mange av KOSTRA-tala er av denne typen, og kan lett misbrukast som kvalitetsmål på kommunale tenester. Jamfør innlegget mitt om Molde-skulen for eit par veker sidan. Kampen for arbeidsplassar og god løn er sjølvsagt fullt legitim, men må ikkje forvekslast å vere målet for budsjettløyvingane.
   Målet for skulen er å gi eit godt læringsutbytte til elevane. Samtidig vil vi ha eit godt læringsmiljø. Målet med legesenteret er å gjere dei som er sjuke friske. Målet med omsorgstenestene må brytast ned og knytast til tenestopplevinga for mottakaren. Så enkelt og så vanskeleg! 
  Vi politikarene på kommunenivået må bli flinkare å arbeide for måloppnåing sett frå brukaren. Då må vi måle resultata – eller som svenskane seier: Man måsste mäta för att veta! Legg vi samtidig dei evinnelege ressursdebattane til sides, vil vilkåra for nye og innovative løysingar bli mykje betre. Dei trengst skal vi få ein berekraftig økonomi og kunne levere gode tenester i framtida.

Incitament for omstilling

   Som eg har vore inne på før, er det slik at verksemder utan konkurranse manglar naturlege incitament for omstilling. Tvert om er her sterke krefter som arbeider mot endringar. Dei søkjer å vekse gjennom avtalefesting av gårdagens arbeidsmetodar og lovfesting av brukarrettar. Alltid blir brukarane køyrt fram som den lidande parten og gjer at verksemda blir skjerma også i opinionen. Skal slike dobbeltskjerma område omstille seg, må det gjerast gjennom eit sterkt styre og sterke leiarar på fleire nivå.
   Televerket er nok av dei det fremste eksempla på dette. Utan konkurranse kom dei i bakleksa med innføring av ny teknologi og tenester, hadde dårleg produktivitet og misnøgde kundar som venta i årevis på telefon. Utan ei politisk leiing som såg kor dette bar på eit område i rask utvikling, og utan sterke og innovative leiarar, ville ikkje landet vårt hatt den viktige infrastrukturen god telekommunikasjon representerer. Det har likevel gått dei mange tusen sentrabordoperatørane vel, sjølv om dei ikkje vart høyrt i kampen mot utviklinga. Telenor lever sjølv om telemonopolet vart oppløyst.  Brukarane nyt no godt av verdas fremste teletenester med stor valfridom frå mange leverandørar og prisar som går ned for kvart år.
   Ikkje overførbart på kommunale tenester, seier du, vi steller med menneske. Det kan vere at du har mykje rett. Automatisering kan ikkje erstatte all interaksjon mellom menneske. Vi ønskjer det heller ikkje.
   Det er erkjenninga om mekanismane for omstilling som er poenget. Er det ikkje incitament for utvikling, også i den kommunale tenesteytinga, vil tenestene forringast over tid. Skal økonomien i dette landet vere berekraftig, og dei tilsette i kommunen ta del i utdannings- og lønsutviklinga, må vi tore å snakke om effektivisering og produktivitet også i dei «mjuke» sektorane.

God dag mann økseskaft!

  Refleksjonar etter siste kommunestyre:
  Kommunestyret måtte ta ansvar etter store underskot for to år sidan. Vi arbeidde i grupper for å finne dei rette områda å hente inn økonomien på. Konsulentar vart leigd inn for at vi skulle få fagleg gode og uavhengige råd. Vi vedtok så økonomiplan og budsjett i balanse, med for første gong reelle budsjettreduksjonar. Skulen fekk mindre til undervising. Ein trygdeheim skal byggast ned gradvis. Tøffe vedtak, som på ingen måte var kjekke å sette ut i livet. Kommunestyre og formannskap sa at dei ikkje under noko omstende ville godta underskot. Administrasjonen ville gjere så godt dei kunne for å gjennomføre vedtaka.
   Tida går, og vi blir orientert om korleis ting utviklar seg. Det viser seg så at våre vedtak «ikkje er realistiske»! Dei lar seg ikkje gjennomføre – for det seier driftseiningane! Administrasjonssjefen legg  fram ei heilt anna liste over sparetiltak, som vi MÅ vedta om vi meiner noko med at underskot ikkje kan godtakast. No må vi vise at vi tar ansvar. Det gjorde kommunestyret lojalt og vedtok dei nye tiltaka samrøystes.
   Kva skjer? Kven er det som styrer? Kommunestyret, administrasjonssjefen, driftseiningane eller kanskje fagforeiningane? – Er det slik at våre vedtak i kommunestyret blir overprøvd av dei tilsette som realistisk eller urealistisk?

Kvifor det alltid er for lite pengar i kommunen

   Torsdag er det kommunestyremøte igjen, og kommuneøkonomien, eller rettare, mangel på økonomi, vil igjen prege møtet. Det gjer at politikarar frå alle parti seier det er trasig å gå på møta. Det er berre nedskjering og kutt det handlar om, seier dei. Eg har tidlegare år hevda at dette ikkje er rett, det har vore realvekst på dei fleste sektorane kvart år, i alle fall fram til 2008. Det vi har gjort er å kutte i budsjettønska som er lagt fram. Dei siste par åra er nedskjeringane «ekte», dvs. det er negativ realvekst på fleire område, m.a. til grunnskulen.

   Kvifor er det alltid for lite pengar i kommunen? – Det har eg spekulert på i mange år, og for ei tid tilbake skreiv eg ned nokre faktorar eg meinar set kommunen i konstant pengeskvis:

– Alle gode ønske overstig det vi har råd til (fritt etter Jacobsen)
– Verksemder unntatt konkurranse har ei ibuande vekstkraft på 10 % årleg – motkreftene i leiing og styre er ofte den svake parten. Ei regjering som arbeider for offentleg vekst og har aversjon mot private løysingar gjer det ikkje betre
– Etterspurnaden etter «gratistenester» er nesten utan grenser, og fører til overforbruk. Vi må fjerne omgrepet «gratis» på verdas dyraste skule, helsestell osv.
– Sterke organisasjonar, med eit millimeterfint avtaleverk og tariff på metodar frå i fjor, gjer det vanskeleg å styre ressursbruken og skape utvikling. Slik får nye verkty som t.d. digitale læremiddel og elektroniske pasientjournalar svake oppvekstvilkår
– Velferdsalliansen, beståande av offentleg tilsette og tenestebrukarane deira, er representert med fleirtal i alt styre og stell. Når grunnskulen skal byggast ned i takt med elevtalet, mobiliserer skuleleiinga, lærarar, tillitsvalte, elevar, foreldre, FAU, SU, PPT og alt som kan krype og gå. Når nødvendige organisatoriske grep skal gjerast, kan ein bli ståande omtrent åleine som politikar.
– Lovfesta rettar om individuelle planer, tilpassa tenester, areal- og bemanningskrav pr. brukar osv., osv. er svært kostnadskrevande. Såkalla lavterskeltilbod, som gjer at kvarmann kan kreve tenester han eigentleg ikkje har bruk for, er ein del av bildet. Nye, kompetansekrevjande tenester krev tilsetting av dyre spesialistar
– Avspaserings-, permisjons- og pensjonsordningar, som er langt utvikla i det offentlege, gjer at store delar av arbeidsstyrken ikkje er på jobb. Dette blir truleg kompensert med ekstra tilsettingar
– Høgt sjukefråvær. Helsestasjonane og legesentra i dette landet fungerar som reine sjukmeldingsfabrikkar. Det var neppe intensjonen med kommunehelsetenesta… Ei endring må komme i sjukelønsordninga der legane og kvar av oss blir ansvarleggjort
– Lønsveksten blir på langt nær kompensert med auka rammeoverføringar (=tilbakeføringar) frå staten. KS fungerer ikkje som andre arbeidsgivarorganisasjonar som held lønsveksten i sjakk. Når dei seier at «i år er det vår tur», tyder det på at dei mest tenkjer på å få auka ramme.

   Fleire av desse faktorane er knytt til lov- eller avtalefesta rettar for innbyggjarar og tilsette. Somme er straumingar i vårt oljesmurte samfunn, der hardt arbeid, fattigdom og hunger er erstatta med kravmentalitet, overflod og livstilssjukdomar. Alle skal ha meir, og gjerne frå kommunen der alt er gratis. Rikspolitikarane lanserar nye tilbod og rettar kvar dag. Finansieringa av gildet er neppe berekraftig, offentleg sektor veks meir enn den private.
   I kommunepolitikken er spelet på mange måtar låst. Vi er ikkje i posisjon til å gjere noko radikalt med mange av kostnadsdrivarane eg nemner over, utan å  bryte lover eller avtalar laga for dei mange interessentane til kommunen. Å arbeide for reelt lokaldemokrati er derfor ei viktig sak. Frank Aarebrot seier Norge er av dei mest sentralstyrte landa i Europa.
   Eg kan uansett ikkje analysere meg bort frå at vi i kommunestyret sit med ansvaret for kommuneøkonomien, for tenesteproduksjonen til innbyggjarane, at forvaltningsoppgåver blir utført og som arbeidsgivar for dei tilsette i kommunen. Med lite handlingsrom og stadig trongare økonomiske rammer framover, må ein derfor stå på for å tilpasse kapasitetar og innføre rasjonelle løysingar straks desse byr seg. 
    Går eit spel heilt i lås, deler ein ut brikkene på nytt, eller snur det og trykkjer på «reset»-knappen. I 2011?

Ytring om eigedomsskatt i Vestnes 10.12.2009)

Innleiing på meil til Høgre sin stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal:
«Hei Elisabeth!
På denne fredsprisdagen har vi i Vestnes Høgre, som har kjempa mot eigedomsskatt i alle år, og til i kveld vunne, ein ikkje heilt god dag. Det er som om nokon har sugd det livgivande oksygenet ut av lufta, og det blir tungt å puste.
Eigedomsskatten vart vedtatt med 14 mot 13 stemmer, sjå meir på www.vestnes.hoyre.no. Men vi gir ingen fredspris til denne skattten – det er kommuneval i 2011.»