Feil medisin i Vestnes

I går, 15. desember, dobla kommunestyret eigedomsskatten i Vestnes mot røystene til Høgre og Frp.  Argumentasjonen frå administrasjonen og dei andre partia gjekk på at store kommunale oppgåver må finansierast. Driftsutgiftene aukar med 5,1 %. Av dette blir 4,8 mill. kr, eller knappe 1 % av budsjettet sett av på fond til store byggeprosjekt frå 2020.

Høgre og Frp sitt budjettframlegg med vekst på 3,6 %, og same fondsavsetting, vart kalla «useriøst» og «urealistisk» av fleirtalet og administrasjonen.

Eg har brukt litt tid på å komme på sporet igjen av utviklinga i kommuneøkonomien – det rann ein del vatn i havet dei fire åra eg var ute. Etter nokre timar med søk i rapportar og planar, har eg samla nokre makrotal eg meiner er viktige i grafen under.

makrotal-vestnes-kommune-2008-2017

Å vedta auke i driftsutgiftene i denne takta er ikkje å ruste kommunen for investeringar i framtida. Tvert i mot. Det er heilt feil medisin!

Advertisements
%d bloggarar likar dette: