Kvifor det alltid er for lite pengar i kommunen

   Torsdag er det kommunestyremøte igjen, og kommuneøkonomien, eller rettare, mangel på økonomi, vil igjen prege møtet. Det gjer at politikarar frå alle parti seier det er trasig å gå på møta. Det er berre nedskjering og kutt det handlar om, seier dei. Eg har tidlegare år hevda at dette ikkje er rett, det har vore realvekst på dei fleste sektorane kvart år, i alle fall fram til 2008. Det vi har gjort er å kutte i budsjettønska som er lagt fram. Dei siste par åra er nedskjeringane «ekte», dvs. det er negativ realvekst på fleire område, m.a. til grunnskulen.

   Kvifor er det alltid for lite pengar i kommunen? – Det har eg spekulert på i mange år, og for ei tid tilbake skreiv eg ned nokre faktorar eg meinar set kommunen i konstant pengeskvis:

– Alle gode ønske overstig det vi har råd til (fritt etter Jacobsen)
– Verksemder unntatt konkurranse har ei ibuande vekstkraft på 10 % årleg – motkreftene i leiing og styre er ofte den svake parten. Ei regjering som arbeider for offentleg vekst og har aversjon mot private løysingar gjer det ikkje betre
– Etterspurnaden etter «gratistenester» er nesten utan grenser, og fører til overforbruk. Vi må fjerne omgrepet «gratis» på verdas dyraste skule, helsestell osv.
– Sterke organisasjonar, med eit millimeterfint avtaleverk og tariff på metodar frå i fjor, gjer det vanskeleg å styre ressursbruken og skape utvikling. Slik får nye verkty som t.d. digitale læremiddel og elektroniske pasientjournalar svake oppvekstvilkår
– Velferdsalliansen, beståande av offentleg tilsette og tenestebrukarane deira, er representert med fleirtal i alt styre og stell. Når grunnskulen skal byggast ned i takt med elevtalet, mobiliserer skuleleiinga, lærarar, tillitsvalte, elevar, foreldre, FAU, SU, PPT og alt som kan krype og gå. Når nødvendige organisatoriske grep skal gjerast, kan ein bli ståande omtrent åleine som politikar.
– Lovfesta rettar om individuelle planer, tilpassa tenester, areal- og bemanningskrav pr. brukar osv., osv. er svært kostnadskrevande. Såkalla lavterskeltilbod, som gjer at kvarmann kan kreve tenester han eigentleg ikkje har bruk for, er ein del av bildet. Nye, kompetansekrevjande tenester krev tilsetting av dyre spesialistar
– Avspaserings-, permisjons- og pensjonsordningar, som er langt utvikla i det offentlege, gjer at store delar av arbeidsstyrken ikkje er på jobb. Dette blir truleg kompensert med ekstra tilsettingar
– Høgt sjukefråvær. Helsestasjonane og legesentra i dette landet fungerar som reine sjukmeldingsfabrikkar. Det var neppe intensjonen med kommunehelsetenesta… Ei endring må komme i sjukelønsordninga der legane og kvar av oss blir ansvarleggjort
– Lønsveksten blir på langt nær kompensert med auka rammeoverføringar (=tilbakeføringar) frå staten. KS fungerer ikkje som andre arbeidsgivarorganisasjonar som held lønsveksten i sjakk. Når dei seier at «i år er det vår tur», tyder det på at dei mest tenkjer på å få auka ramme.

   Fleire av desse faktorane er knytt til lov- eller avtalefesta rettar for innbyggjarar og tilsette. Somme er straumingar i vårt oljesmurte samfunn, der hardt arbeid, fattigdom og hunger er erstatta med kravmentalitet, overflod og livstilssjukdomar. Alle skal ha meir, og gjerne frå kommunen der alt er gratis. Rikspolitikarane lanserar nye tilbod og rettar kvar dag. Finansieringa av gildet er neppe berekraftig, offentleg sektor veks meir enn den private.
   I kommunepolitikken er spelet på mange måtar låst. Vi er ikkje i posisjon til å gjere noko radikalt med mange av kostnadsdrivarane eg nemner over, utan å  bryte lover eller avtalar laga for dei mange interessentane til kommunen. Å arbeide for reelt lokaldemokrati er derfor ei viktig sak. Frank Aarebrot seier Norge er av dei mest sentralstyrte landa i Europa.
   Eg kan uansett ikkje analysere meg bort frå at vi i kommunestyret sit med ansvaret for kommuneøkonomien, for tenesteproduksjonen til innbyggjarane, at forvaltningsoppgåver blir utført og som arbeidsgivar for dei tilsette i kommunen. Med lite handlingsrom og stadig trongare økonomiske rammer framover, må ein derfor stå på for å tilpasse kapasitetar og innføre rasjonelle løysingar straks desse byr seg. 
    Går eit spel heilt i lås, deler ein ut brikkene på nytt, eller snur det og trykkjer på «reset»-knappen. I 2011?